Night in the Woods-medleyen

Like a story that your friend wrote - got a loving attitude..

Dette prosjektet starta i august 2018.

Gjennom desse seks åra og ni månadane med tid har det vore mykje sveitte og tårer - både gledestårer og tårer av fortviling - enorme mengder stress, intense augeblink av takksamheit og letting i det eit nytt merke på den lange sjekklista blei sett, og framfor alt: Skaparglede.

Det du no skal til å høyra er litt over 20 minutt med musikk frå spelet "Night in the Woods". David speler piano og andre digitale instrument, og eg syng (og satsar knallhardt på at intens formidling skal vega opp for mangelen på erfaring). Og teksten? Den har eg skrive, men eg har lånt så mykje som mogleg frå dialogen i spelet - eg måtte riktignok dikta litt sjølv for å få det til å passa dei til saman 20 melodiane. Ja, og å rima, då..

Og kva handlar teksten om? Den handlar om 20 år gamle Mae, som har vakse opp i rustbeltet i USA, og som ser seg nøydd til å bryta si nystarta college-utdanning og koma attende til den gudsforlatte småbyen Possum Springs. Kva kan du leva for, når framtida di blir tatt frå deg av krefter utanfor din kontroll? Korleis skal du kunne klara å håpa i det heile, når sentrum i tilvêret ditt held på å bli borte? Kvar kan håpet koma frå, når alt rundt deg tek slutt, fell frå kvarandre, og ikkje lenger kjennast levande?

Jess, det var forsøket mitt på å inkludera deg som aldri har spela "Night in the Woods" i opplevinga. Og så vidt eg veit inkluderer det 99 % av personane eg sender linken til! Eg trur litt kontekst trengs, for det publikummet eg hadde i tankane då eg utforma heile prosjektet var ein person som ikkje berre har spela spelet, men som er like glødande fan av det som eg er. Så det er fullt mogleg at trass i forsøket over, kjenner du deg ekskludert når du ser videoen under. Eller berre kjenner deg flau over å høyra meg vrenga ut av meg så intens synging som eg går for her, utan å forstå kva som "er greia eigentleg" - ei greie som har fått meg til å villa leggja ut eit offentleg opptak av at eg skrik, brølar, syng falskt med vilje (og også litt ufrivillig!), knurrar, speler gråtkvalt og på eit tidspunkt gjer eit forsøk på å høyrast ut som ein overivrig 14 år gamal sangar som har oppdaga metal. Det går heilt fint om du fortel meg at du ikkje likte han! Men takk for at du er her og vil gje han eit forsøk <3

Så, utan endå meir forsvar - Vegard og David presenterer:

"Through the Space Between the Stars"

- Vegard

PS.: For dei som ekstra nyfikne, kjem det litt meir om den lange skapingsprosessen under!

Så, det var det! Ke du trur?

Prosessen med å skapa dette beistet er kanskje nesten meir poenget enn resultatet. David og eg har hatt ei god unnskulding til å kunne møtast jamnleg, og sjølv om det var eg som var gira på ideen som starta det heile, har skapargleda vi har delt kome frå båe skaparane!

Det at David fekk mykje ut av å vera med på dette er eg veldig glad og letta over - for han har verkeleg lagt ned ein enorm innsats her. Å be nokon, uansett kor gode vener ein er, om å laga over 20 minutt med musikk, basert på eit spel vedkomande ikkje har spela ein gong, er ganske enormt mykje å be om. Difor var eg så nervøs då jeg kom til han ein dag, og spelte av eit røft opptak av ideen for han, og sa at hans rolle i prosjektet skulle vera å spela inn pianosporet, og deretter miksa ljoden etter at eg hadde spelt inn vokalen. Og sidan David er best i verda, sa han ja - dog under éin føresetnad: At vi i prosessen sa oss nøgde med "godt nok", elles ville det ta alt for lang tid. Han visste kor perfeksjonistiske vi båe kan vera, han visste med si musikkproduksjonserfaring kor mykje jobb det var, så det var ein veldig fornuftig føresetnad. Og, vel, som du kan sjå av at det vart heilt til 2025 før vi vart ferdige, klarte verken David eller eg å halda oss frå å jobba mykje hardare for denne medleyen enn å kun få han til å bli "god nok".

Kvifor det, då? Ein av grunnane for min del var kor intens inspirasjonen hadde vore i utgongspunktet. Då eg spela spelet, var det akkurat det jeg trengte akkurat då. Eg hadde det ikkje bra i 2018. Samstundes var det mange slag eg hadde vunne mot depresjonen, og eg brukte mykje tid på å sjå attende, og prosessera alle åra med endå dypare mørke som eg hadde lagt bak meg. Dermed vart spelet sin bodskap om å feira dei tinga og dei menneska som utgjer din indre heim, og å finna vegen ut av håpløsheit med dei, ei viktig brikke for meg. Og like etter at eg hadde spela det ferdig, traff inspirasjonen meg som eit lynnedslag. Det var ei vidunderleg stemning, blanda med ærefrykt.

Komponisten bak musikken, Alec Holowka, var ein meister på melodiar. Skikkeleg gode melodiar er for meg sangbare, dramaturgiske og gjerne òg fulle av referansar til tidlegare deler (i større komposisjonar), og Alec hadde laga eit helt lydspor utelukkende av akkurat sånne melodier. Alle referansane gjorde at det kjentes naturleg å føya melodiane saman til ein medley, og noko anna melodiane formeleg ropte til meg om, var å få songtekstar! Det er til og med ein del av spelet at somme av songane spelast av di karakterane framfører dei i eit band, men sidan ingen av karakterane snakkar, ser ein berre songteksten på skjermen og høyrer musikken. Eg lengta etter å synga dei, og knyta musikken meir direkte til den emosjonelle opplevinga eg hadde fått av manuset i spelet, ved å tilpassa manuset til tonane som ikkje hadde tekst endå.

Og medan eg satt og laga planen for kvar ting passa saman, og dikta min eigen songtekst der eg måtte, kom ideane smellande inn i hovudet på løpande band: Her er den raude tråden, vi må dela historia inn i fliere deler. På slutten av denne songen mister eg fatninga og høyrast ut som eg har eit samanbrot, her sakkar eg tempoet, her aukast tempo og glir over i ein meir håpefull versjon av den same melodien, her går eg ned ein oktav og snerrar som ein hund, her er eg spak og bevrande. Så då David og eg byrja lage ljodsporet i oktober 2018, var det mildt sagt vanskeleg å halda seg i skinnet, og be om noko som var realistisk for David å få til innan fornuftig tid, med berre eit elpiano og litt digitale tilpassingar.

Og kommunikasjonsprosessen her var jo eit psykologisk studium i seg sjølv. Siden eg er nærast blotta for fagkunnskap om musikk, var det eg hadde å koma med til David då eg skulle skildra kva eg ønskja for den neste songen i rekka, berre ei kjensle. Og det kjentest like magisk kvar gong David klarte å dra musikk ut av mine vage skildringar av føleriar og abstrakte tankar, og manifestera nett det eg hadde høyrt i hovudet mitt! Men for å koma dit var det ofte ein lengre prosess med oversettingar: "Kva med dette?" "Det blir litt for sånn fest og hygge, eg treng meir leirbål." "Hmm, leirbål, ja, kanskje meir sånn?" "Ja, der har du det! Kan det bli ENDÅ meir leirbål?"

Etter sju månader, der vi hadde møttast ganske jamnleg gjennom alle og hatt det vi kalla "medley time", var ljodsporet ferdig i mai 2019. No var det min tur: Eg skulle synga til ljodsporet, og spele inn all vokalen. Eg skal seia det med ein gong: Eg hadde overvurdert meg sjølv som songar. Det var nok noko eg egentleg var klar over før, men som eg ikkje heilt hadde tort å innrømma: Når eg syng, og særleg når eg tek det opp, blir eg redd for å ikkje vera god nok. Og med den mengda med opptak det var snakk om her, kunne eg ikkje lata som noko anna lenger. I mine improviserte opptaksstudio laga av pledd som hang på skap og liknande, har jeg sveitta, skrike, banna og hatt så høgt stressnivå at eg berre sjølv-saboterte. Og alle forventingane eg hadde til spesifikke kjenslesuttrykk gjorde det ikkje betre: Ikke berre skulle eg synga songane bra, eg skulle ha riktig kjensle òg! Den ideelle songaren for dette hadde nok vore ein profesjonell songar med erfaring frå scena i tillegg (og helst amerikaner òg, som Mae!).

Eg skulle ønskje eg kunne seia at opptaksprosessen, som med ei lang pause på over eit halvt år til saman varte i over to år, gjorde at eg meistra stemma mi, men eg er nok diverre framleis i eit tidleg stadium i den prosessen. Men det eg har lært er å skamma meg mindre over det, og kalla meg sjølv det eg er: Ein amatør med mykje større idear enn evner. Eg har eit komplisert forhold til min eige sjølvtillit, og heilt sidan den gongen eg starta å tenkja at eg kanskje liker å driva med synging, har eg vore ein forferdeleg mentor for meg sjølv. Det eg dreiv med i dei to åra med vokalinnspeling, var oftere sjølvpisking enn skikkeleg trening for å verta betre. Når eg ser attende på det no, tenkjer eg at det ikkje har noko for seg ¨å verta så sint på seg sjølv for å ikkje vera noko ein berre ikkje er!

At eg på slutten av denne fasen bestemde meg for å finna på og spela inn annanstemmer òg, var eigentleg galskap: Eg kan ikke namnet på ein einaste akkord, og berre dikta vilt etter kva eg tykte kjendes bra. Og eg heldt på å falla i bakken då David fekk høyra dei, og faktisk vart rørt av eit par av dei! Særleg den intime songen Sharkle Dream, som i spelet er brukt til å akkompagnera ein ualvorleg vits, hadde vorte ei trestemd sak med mykje nerve. Og heldigvis var David kritisk òg, og hjelpte meg endra dei annanstemmene eg hadde vore litt mindre heldig med.

Og så omsider kom dagen i juni 2021 då eg kunne fortelja David at neste steg endeleg kunne starta: Miksinga. Så nok ein gong vart det "medley time", men no hadde vi båe vorte mykje meir involverte med det vi kan kalla vaksenlivet, så det vart til at vi møttest fast månadleg. Og eg trur ingen av oss hadde sett for oss at dette skulle verta den lengste fasen i prosjektet! Frå februar 2022 til september 2024 vart det. Mesteparten av jobben gjekk på å få volumet på synginga til å vera passe i førehald til instrumenta, men i tillegg til det hadde eg skrive opptil fleire lister med justeringer som var meir eksotiske enn det - og David skreiv ei òg. Kva om vi legg på ein crazy effekt her, så det høyrast ut som ljoden kjem frå eit avdanka ljodanlegg? Kan denne delen få strykare? Kan Harfest høyrast ENDÅ høyare og styggare ut? Kan vi leggja til ein intro?? Det verka som David hadde bestemd seg for å berre gønna på og la alle draumane mine verta røyndom, for sjølv om eg hadde merka fleire av punkta på lista som "for mykje å be om, sant?", ba han meg berre omatt og omatt om å koma med neste, heilt til lista var tom. Å få høyra det du har høyrt i årevis for ditt indre øyre verta ekte, det er ein sjeldan glede <3

Til slutt kom dagen: Etter at alle rundt meg for LENGST hadde vorte lei av å høyra meg seia at meldeyen var "så godt som ferdig", var miksinga faktisk over. Vi hadde redusert alt ned til éi enkelt ljodfil på PC-en til David. Kunne det vera mogleg? David gjorde noko nydeleg då: Han inviterte ein god ven til å koma å høyra på han i september 2024, og David og eg heldt hender og gret av glede. No var det ingen tvil, David sin del av arbeidet var over.

Då gjenstod berre éin ting: Videoen! Eg hadde heilt sidan starten hatt ein klar idé for han: Han skulle vera laga av skjermbilete frå spelet, med songteksten under. Skjermbileta hadde eg allereie skaffa året før, ved å spela gjennom spelet for det eg trur var sjette og sjuande gong, og samla over 600 av dei. Og året før der, i 2022, hadde eg brukt ti timer på å laga mitt eiget bilete i den visuelle stilen til spelet, for så å prestera å sletta både fila OG backup-fila, og måtte byrja heeeeilt på nytt att (det er det biletet som dukkar opp i songen Lori M.). Eg må seia eg er spesielt nøgd over meg sjølv for at eg ikkje gav opp då!

Arbeidet med videoen vart "av og på" i ekstrem grad, og alle fekk heile tida høyra "jo då, medleyen er eigentleg ferdig, må berre få sett meg ned.. tja..." - og så kom det eit veldig urealistisk tidsestimat. Men! No, etter at dei fleste nok hadde gjeve opp å tru på at det nokon gong skulle skje, ER medleyen ferdig! Det er ikkje meir! Dette er alt! FINITO!

Blir det så fleire songar frå David og meg, etter alt det? SVARET ER JA! Vi har oppdaga at det å berre møtest og jobba med noko er så koseleg i seg sjølv, at ingen av oss har lyst til å slutta : )  Så, stay tuned! Hvis dokker orkar etter alt maset mitt om medleyen, då, haha <3